National Science Foundation (NSF) er eit offentleg organ i USA som støttar grunnleggande forsking og utdanning i alle ikkje-medisinske felt av vitskap og teknologi. Den medisinske forskinga er dekt av National Institutes of Health. Med eit årleg budsjett på kring USD 6,87 mrd. (2010), finansierer NSF kring 20% av alle føderalt støtta grunnforsking utført av universiteta i USA. I somme felt, som matematikk, informatikk, økonomi og samfunnsvitskap, er NSF den viktigaste kjelda for nasjonal støtte.
Direktøren i NSF, underdirektøren og dei 24 medlemmane i National Science Board (NSB)National Science Board (NSB) vert utpeikte av presidenten i USA, og stadfesta av Sentatet i USA. Direktøren og underdirektøren er ansvarleg for administrasjon, planlegging og budsjett, i tillegg til daglege operasjonar, medan NSB møtes seks gonger i året for å fastslå dei generelle retningslinjene.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «National Science Foundation» frå , den 3. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Føderale etatar i USA Kategori:USA-amerikanske stiftingar Kategori:Vitskap og teknologi i USA Kategori:Skipingar i 1950 Kategori:Forskingsorganisasjonar