Seattle er den største byen i den amerikanske delstaten Washington. Innbyggjartalet i byen er kring 750 000, i byområdet 3,8 millionar.

Seattle er berømt mellom anna som heimbyen til TV-serien Frasier og kafékjeda Starbucks. Byen blir dessutan ofte forbunde med grunge-rørsla og Kurt Cobain, kjente delar av musikkbiletet på starten av 1990-åra.

Seattle er også ein av byane i USA med flest norsk-amerikanarar, det blir til dømes arrangert 17. mai-tog her kvart år.

Byen husar laget Seattle Seahawks i amerikansk fotball, baseball-laget Seattle Mariners og korgball-laget Seattle Supersonics.

Like sør for byen ligg hovudkvarteret til Boeing, og aust for byen (i Redmond) ligg hovudkvartertet til Microsoft.

I 1999 var det store demonstrasjonar i Seattle i samband med eit WTO-møte. Demonstrantane lukkast i å stoppa toppmøtet, og dette vart opptakten til ei rekkje liknande demonstrasjonar verda over mot nyliberalismen og den økonomiske globaliseringa.

Verdt å sjå Tårnet Space Needle Pike Place Market Seattle Aquarium

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Washington Kategori:Busetnader grunnlagde i 1853