mini|Johan Olsson i 2013 Johan Arne Olsson () er ein svensk langrennsløpar frå Skultuna i Västerås kommun, sidan 1998 medlem av Åsarna IK. Han vart verdsmeister på 50 km i 2013 i Val di Fiemme, i same meisterskapen tok han sølvmedaljen på 15 km og gjekk for Sveriges sølvlag på 4x10 km stafett. Under vinterleikane i Vancouver i 2010 vart han olympisk meister på 4x10 km stafett med Sverige, og fekk bronsemdaljen både på 30 km og på 50 km. Han deltok i 2006 for Sveriges firemannslag som fekk bronsemedaljen i OL-stafetten 2006 og på mannskapet som tok sølvmedaljen på VM-stafetten i 2011.
Han er sidan 2008 gift med langrennsløparen Anna Dahlberg.
Aktiv Olsson fekk sitt internasjonale gjennombrot med sjetteplassen på 15 km i klassisk stil under OL 2006 i Torino. Seinare i olympiaden vann han ein OL-bronse for Sverige på 4x10 km stafett.
Han tok sin første verdscupsiger den 13. desember 2008, på ein 15 km klassisk stil i Davos vann han framom Axel Teichmann og Sami Jauhojärvi.
Olsson fekk bronsemedaljen på 30 km under vinter-OL 2010 i Vancouver. Fire dagar seinare vart han olympisk meister i langrenn då han gjekk andreetappen på det svenske laget som vann 4x10 kilometer stafett med klar margin til Noreg på andreplass. Daniel Rickardsson, Anders Södergren og Marcus Hellner gjekk dei øvrige etappane for Sverige. Stafettlaget vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje (Bragdguldet) for 2010. Han avslutta vinterleikane med å vinne bronsemedaljen på femmila. Inn mot målstreken stod sigeren mellom fem løparar; Petter Northug tok gullmedaljen, med Axel Teichmann på sølvplass, Olsson vart nummer tre.
Han deltok i alle dei fire klassiske langrennsøvingane under ski-VM 2011 i Oslo. I dei tre individuelle tevlingane fekk han 16. og 17. plassar, men gjekk andre etappen for Sveriges sølvlag som vart slått på målstreken i kampen om gullmedaljen.
I slutten av januar 2013 vart Olsson svensk meister for første gong, då han i Falun tok ein suveren siger framom Daniel Rickardsson. Ein månad seinare gjekk han eit sterkt løp på 15 km i verdsmeisterskapen på ski i Val di Fiemme, berre Petter Northug gjekk fortare. Olsson vann så ein ny sølvmedalje på 4x10 km stafett, atter ein gong gjekk han andre etappen for laget. Søndag 3. mars imponerte Olsson stort då han vart verdsmeister på 50 km i klassisk stil, under tunge føreforhold leia han størstedelen av løpet og gjekk åleine over mål.
Verdscupsigrar Dato Land Stad Øving 13. desember 2008 Davos 15 km klassisk stil 19. november 2011 Sjusjøen 15 km fristil 11. februar 2012 Nove Mesto 30 km fellesstart, klassisk stil 18. februar 2012 Szklarska Poreba 15 km klassisk stil 17. februar 2013 Davos 15 km fristil
Notar
Bakgrunnsstoff
Sveriges Olympiska Komité om Johan Olsson
Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sverige Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2017