Roy J. Glauber () er ein amerikansk fysikar tilknytt Harvard-universitetet. Han er tildelt halvparten av Nobelprisen i fysikk for 2005, medan John L. Hall og Theodor Hänsch deler den andre halvparten.
Glauber fekk prisen for sitt arbeid med kvanteteorien for optikk, som blei gjeve ut i 1963.
Han tok PhD i fysikk 1949 ved Harvard University og drog så til mellom anna Princeton Institute for Advanced Studies, men vende tilbake til Harvard i 1956. Han var professor i fysikk frå 1976. I 1944–1946 deltok han i Manhattanprosjektet der han mellom anna berekna den kritiske massen av spaltbart material til dei første atombombene. I forskinga si har Glauber særleg arbeidt med kvanteelektrodynamikk og problem knytt til vekselverknad mellom lys og materie.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Side om Roy J. Glauber ved Harvard (engelsk) Omtale frå Nobelinstituttet (engelsk)
Glauber, Roy J. Glauber, Roy J. Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Folk frå New York City Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Elevar ved Harvard University Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Optikarar Kategori:Medlemmar av Optical Society Kategori:USA-amerikanske jødar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar