__NOTOC__ Dacelo er ei biologisk slekt av kokaburraer og medlem av isfuglfamilien, Alcedinidae. Fuglane i slekta er naturleg heimehørande i Australia og på Ny-Guinea. Dette er store til svært store isfuglar, med ei totallengd i området 28 til 45 centimeter.

Dacelo-kokaburraer er best kjente for det umiskjennelege lætet, som høyrast forbløffande lik høg, menneskeleg latter - godmodig, men heller hysterisk. Prega av skjemt i tilfelle av den berømte latterkokaburra og manisk kakling i tilfelle av den litt mindre larmekokaburra. Dei er generelt ikkje nært knytt til vatn, og kan finnast i habitat som spenner frå fuktig skog til tørre savannar, men òg i forstadene og bustadområde med høge tre eller i nærleiken av rennande vatn og der mat lett kan søkjast.

Artslista Dacelo-kokaburraer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Latterkokaburra, Dacelo novaeguineae Larmekokaburra, Dacelo leachii Fregnekokaburra, Dacelo tyro Kvitnebbkokaburra, Dacelo gaudichaud

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dacelo» frå , den 7. mars 2013.

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:isfuglfamilien Kategori:Fuglar i den australske regionen