Robert Howard Grubbs () var ein amerikansk kjemikar og nobelprisvinnar.

Grubbs vart fødd i Calvert City nær Possum Trot i Kentucky og studerte kjemi ved Florida-universitetet i Gainesville. Doktorgraden tok han ved Columbia-universitetet i New York under Ronald Breslow i 1968.

Grubbs konsentrerte seg særleg om katalysatorar for olefinmetatese og metatesepolymerisasjon av ringolefin som norbornen.

Han blei tildelt Nobelprisen i kjemi for 2005 saman med Richard Schrock og Yves Chauvin for arbeidet sitt med olefinmetatese.

Kategori:USA-amerikanske kjemikarar Kategori:nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i kjemi Kategori:Folk frå Kentucky