Mount Waesche er eit stort og markant fjell av vulkansk opphav i Antarktis, som ligg like sørvest for Mount Sidley og markerer sørenden av Executive Committee Range i Marie Byrd Land. Fjellet er snødekt utanom steinframspring i sør og sørvestleg. Vulkanen kan ha vore aktiv så seint som holocen (sist 10 000 år) og kan i dag vere ein sovande vulkan.
Han vart oppdaga av U.S. Antarctic Service på ein flytur, 15. desember 1940. og kalla opp etter Russell R. Waesche i USA Coast Guard, som var medlem av Antarctic Service Executive Committee.
Sjå òg Vulkanar i Antarktis
Kjelder
Kategori:Skjoldvulkanar Kategori:Vulkanar i Marie Byrd Land Kategori:Sovande vulkanar Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar