Rachel Louise Carson () var ein amerikansk zoolog og biolog fødd i Springdale i Pennsylvania. Hennar mest kjende verk er Silent Spring, som kom ut i 1962. Boka fekk stor tyding for grunnlegginga av ei brei miljøvernrørsle. Boka vart gjeven ut i Noreg i 1966 med tittelen Den tause våren. I boka vart det åtvara mot ukritisk bruk av sprøytemiddel. Ho fekk fram at kjemiske stoff som DDT (Diklor-Difenyl-Triklorethan) vert bunde opp i næringskjedene.
Litteratur Anticaglia, Elizabeth: «Rachel Carson». I: Twelve American Women, Chicago: Nelson-Hall 1975, S. 208-224. Harlan, Judith: Sounding the Alarm. A Biography of Rachel Carson. Minneapolis, Minnesota 1989. Haynes, Patricia H.: The Recurring Silent Spring. New York 1989. Lear, Linda: Rachel Carson - Witness for Nature. London 1999. Simon, Christian: DDT - Kulturgeschichte einer chemischen Verbindung. Basel 1999. Sterling, Philip: Sea and Earth. The Life of Rachel Carson. New York 1970.
Bakgrunnsstoff Historien om DDT Mirakelgiften (NRK) rachelcarson.org
Kategori:USA-amerikanske biologar Kategori:USA-amerikanske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Pennsylvania Kategori:Døde av brystkreft