Air National Guard (ANG), ofte berre kalla Air Guard, er det statlege nasjonale landvernet som var stat i USA medverkar til. Det er i lag med Army National Guard eit element i den statlege National Guard. Det statlege Air National Guards er underlagt guvernøren i kvar stat gjennom State adjutant general. Men om presidenten av USA gjev ordre om det, vert dei ein aktiv del av United States Air Force. Dei vert administrert av statane og National Guard Bureau i lag.
Air National Guard-organisasjoner er organisert i kvar av dei femti statane i USA, Puerto Rico, Guam og Dei amerikanske Jomfruøyane, og District of Columbia i USA. Kvar stat, District of Columbia og Puerto Rico har kvar minst ei ANG-eining med eigne fly eller delte fly i lag med US Air Force. ANG i Guam og Jomfruøyane har ikkje eigne fly og har berre bakkefunksjonar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Air National Guard» frå , den 13. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:National Guard of the United States Kategori:Militære einingar og formasjonar i United States Air Force Kategori:Skipingar i 1947 Kategori:1947 i USA