Saint George Peak (russisk: Gora Svjatogo Georgija Pobedonostsa) er eit fjell med ei høgd opp mot kring 1500 moh vest i Havre Mountains, kring 5 km nordaust for Cape Vostok, nordvest på Aleksanderøya i Antarktis. I 1821 såg den russiske ekspedisjonen under Bellingshausen eit særs høgt fjell i området som dei kalla «Gora Svjatogo Georgija Pobedonostsa» (St. Georg Sigerherren-fjellet). Sjølv om plasseringa dei rapporterte for dette fjellet ville plassert det i sjøen, reknar ein med at det var dette fjellet skildra her dei såg. Det vart først kartlagd i detalj frå flyfoto tekne under RARE, 1947–48, av Searle frå FIDS i 1960. Det omsette forma av namnet vart godkjend av UK-APC i 1961.

Sjå òg Duffy Peak Giza Peak Hageman Peak

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Saint George Peak» frå , den 14. mars 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff US Geological Survey, Geographic Names Information System (GNIS)

{Kategori:Fjell på Aleksanderøya