Olav Kornelius Kjelbotn, tidlegare Kristoffersen () var ein norsk langrennsløpar som konkurrerte på 1920-talet.
Idrettskarriere Kjelbotn vann 30 km i NM 1924 på Voss. Han slo Thorleif Haug som nettopp hadde vunne tre gull i OL 1924 i Chamonix.Hyldmo Han tok den første medaljen til Noreg i eit ski-VM då han vart nummer tre på 50 km i VM 1926 i Lathis. I Holmenkollrenna vann han femmila i 1926 og kombinert i 1928.
Kjelbotn var skimakar, og han produserte sin eigen skismørjing, Kjelbotn Spesial.
Grønland og Antarktis
Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser, forløparen til Norsk PolarinstituttPreus Museum - Arkivet etter Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser (NSIU), starta i 1929 med vitskaplege sommerekspedisjonar til Aust-Grønland, og Kjelbotn var med på den første ekspedisjonen frå 1929 til 1931.Norsk Polarhistorie - Dagbok fra overvintringen på Østgrønland 1929-31 / Hallvard Devold
I 1932–33 deltok Kjelbotn saman med Hallvard Devold som mannskap på kaptein Hjalmar Riiser-Larsen sin ekspedisjon til Antarktis. Dei skulle gå med hundespann langs kysten frå Enderby Land til Weddellhavet. Isen, der dei hadde lossa alt utstyr for eitt års overvintring, braut opp alt første natta. Dei tre dreiv til havs på eit isflak medan dei fleste hundane dreiv av stad på eit anna isflak og forsvann. Devold og Kjelbotn veksla på å trå på ein ergometersykkel med dynamo som leverte straum til ein liten kortbølgjeradiosendar. Etter vel to døgns dramatisk sykling og morsing, der vind og sjø stadig braut isflaket deira mindre og mindre, fekk dei omsider kontakt med ein norsk kvalbåt og vart redda saman med fire hunder.Einar-Arne Drivenes og Harald Dag Jølle
Merittar Ski-VM 1926 – bronse på 50 km Vinter-OL 1928 – fjerdeplass på 50 km
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olav Kjelbotn» frå , den 17. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Profil på FIS-ski.com
1932-33: Hjalmar Riiser-Larsens egen ekspedisjon til Antarktis, som skulle gå med hundesleder langs kysten fra Enderby Land til Weddellhavet, ble ført av gårde på et isflak og reddet. – Norsk Polarhistorie
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1928 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1928 Kategori:Norske arktisfararar Kategori:Norske antarktisfararar Kategori:Folk frå Fosnes