Áššu er ei tidlegare samiskspråkleg avis som fram til februar 2008 kom ut i Kautokeino to gonger i veka. Ho vart starta opp for å vere ein motvekt til den dåverande monopolisten Min Áigi, og også for å gjere Kautokeino meir synleg på det samiske pressekartet ved å få pressevinklinga derifrå. Dekningsområdet var heile det samiske området i Noreg, Sverige og Finland.
I ein periode trykte avisa korte samandrag av kvar artikkel på norsk, men denne praksisen gjekk dei etter kvart bort i frå.
Avisa blei gjeven ut av Sámi Aviisa AS som er eigd av Nordavis AS (35,0%), Norske Samers Riksforbund (32,5%) og Norske Reindriftssamers Landsforbund (32,5 %).
Samanslåing: Ávvir
På ein pressekonferanse 15.8.2007 la Áššu og Min Áigi fram planar om å slå seg saman til ei samisk dagsavis, Ávvir. Den nye avisa erstatta dei to gamle på Samefolkets dag, 6. februar 2008.
Opplag 2002: 1 129 2003: 1 117 2004: 1 084 2005: 1 021 2006: 975
Bakgrunnsstoff Áššu Planar om samanslåing med Min Áigi
Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Tidlegare norske aviser Kategori:Tidlegare samiske aviser Kategori:Kultur i Kautokeino Kategori:Skipingar i 2002 Kategori:Nordsamiske utgjevingar