Hülegü () var ein mongolsk hærleiar og khan for Ilkhanatet. Han regjerte frå 1253 til 1265 over eit område som omtrent tilsvarer dagens Iran og Irak.
Hülegü var son av Tolui khan og Sorghaghtani beki og soneson av Djenghis khan. Nokre av brørne hans var Kublai og Möngke khan.
mini|venstre|Hülegü og krigarar til hest.
I 1255 gav storkhanen Möngke han ordre om å øydeleggja dei gjenverande muslimske statane i Sørvest-Asia. I 1256 overvann han dei frykta assassinarane, som gav seg utan kamp. I 1258 kom han til Bagdad, hovudstaden til Abbasidekalifatet. Etter ei omleiring blei byen erobra og fleire titals tusen av innbyggjarane, medrekna kalifen, drepne. Etter bøner frå Dokuz khatun, favorittkona til khanen som var kristen, blei kristne innbyggjarar skåna.Runciman, Steven. A history of the Crusades. Oppgjeven av Engelsk Wikipedia.
Hülegü fortsette vestover til Syria, der han velta ayyubidestyret, og Egypt, der hæren hans blei overvunnen av mamelukkane i 1260. Etter nederlaget drog Hülegü tilbake til kjerneområdet sitt i austre Iran. Resten av livet var han oppteken av indre strid i Det mongolske riket der slektningen hans Berkhe, khan over Kipchak-khanatet, var hovudmotstandaren.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hülegü khan» frå , og «Hülegü khan» frå den 17. mars 2013. Denne artikkelen bygger på «Hulagu Khan» frå , og «Siege of Baghdad (1258)» frå den 17. mars 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Mongolsk historie Kategori:Mongolar Kategori:Fødde i 1217 Kategori:Døde i 1265