right|250px|thumb|Vokalist Erlend Hjelvik, Sonisphere Festival Stockholm, 2011 Kvelertak er eit norsk hardcore/metal-band frå Stavanger. Stilmessig spelar bandet ei blanding mellom ulike sjangrar, hovudsakleg hardcore punk med black metal-element. Bandet kallar sjølv musikken sin «necro 'n' roll», og har berre norske tekstar. Bandet starta opp i 2007, og starta karrieren sin for alvor på NRK Urørt.
Historie I februar 2009 spelte Kvelertak på by:Larm, som sikra dei ein konsertplass på Roskildefestivalen sommaren etter, der dei spelte føre 3 000 tilskodarar.Kvelertak på MySpace: «Official Biography», publisert 20.6.2010 Kvelertak vart omtalt som årets «snakkis» i by:Larm-avisa, og fekk mykje skryt av Ruben Gran frå Lydverket. I veke 9 vart Kvelertak valt ut til vekas Urørt. Kvelertak var ein av finalistane i Zoom Urørt-finalen i februar og kvalifiserte seg til årets Urørt 2010, samtidig som dei vart booka til Øyafestivalen.groove.no: «Intervju: Kvelertak», publisert 21.6.2010
Mot slutten av året signerte Kvelertak med plateselskapet Indie Records. Bandet fekk derimot ikkje gjennombrotet sitt i Noreg før dei vart nominert til årets Urørt 2010 med songen «Ordsmedar av rang» i desember 2009. Kvelertak kom på andreplass i kåringa som vart halde i januar 2010«The Pink Robots er årets Urørt», publisert 22. januar 2010, men sikra seg likevel meir merksemd og ros. I ettertid fortsette «Ordsmedar av rang», og seinare òg «Mjød», å bli spelt jamleg på radio. I mai 2010 gav Kvelertak ut den første plata si, singelen «Mjød» som digital nedlasting, i tillegg til musikkvideo av songen. Singelen vart to veker på rad kåra til «Single of the Week» (vekas singel) av BBC.VG Nett: «Kvelertak på BBC», publisert 11.6.2010
21. juni 2010 vart sjølvtitulerte debutalbumet lansert, og mottok strålende kritikkar.«Strålende kritikker for debutalbum», publisert 22.6.2010 For albumet vann dei klassane rock og årets nykommar under Spellemannprisen 2010. Sommaren 2010 vart Kvelertak booka til fleire norske festivalar og drog på den første Europaturnéen sin med Converge, Kylesa og Gaza.«European Tour With Converge, Kylesa and Gaza Announced», publisert 15.5.2010
19. februar 2011 mottok Kvelertak Statoil-stipendet på éin million kroner under by:Larm. Stipendet har som føremål å gje norske artistar større høve til å marknadsføre og markere seg internasjonalt.VG Nett: «Kvelertak vant én million kroner», publisert 19.2.2011
Diskografi Kvelertak (2010) Meir (2013)
Medlemmer Erlend Hjelvik – Vokal Bjarte Lund Rolland – Gitar Maciek Ofstad – Gitar/Vokal Vidar Landa – Gitar Kjetil Gjermundrød – Trommer Marvin Nygaard – Bass
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kvelertak (band)» frå , den 19. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kvelertak på Flickr Kvelertak på Urørt
Kategori:Norske heavy metal-band Kategori:Punkrockgrupper Kategori:Norske black metal-band Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Musikkgrupper skipa i 2007