Elvis Aaron Presley () var ein amerikansk rockemusikar og skodespelar. Han vert rekna som eit av dei viktigaste kulturikona på 1900-talet og er ofte blitt kalla «the King of Rock and Roll», eller berre «the King».
Presley vart fødd i Tupelo i Mississippi med ein tvillingbror som var dødfødd. Då han var 13 år gammal flytta han og familien til Memphis i Tennessee. Han hadde fått ein gitar til 11-årsdagen sin, ein gitar som skulle få stor betydning for musikkhistoria. Som ung mann fekk han jobb hos Crown Electrics, og køyre lastebil (ein truck) for firmaet. På sine turar såg han eit platestudio, som annonserte med at folk flest kunne spela inn ei plate for berre 4 dollar (+ skatt). I ein matpause gjorde han akkurat det, der My Happiness utgjorde framsida, mens That's When Your Heartaches Begin var på baksida. Legenda vil at dette skulle vera ei gåve til mora sin bursdag, men siden vi nå snakkar 18. juli 1953 og mora hadde fødselsdag i april er dette lite truleg. Mest ville han nok høyre seg sjølv på plate. Sidan familien var fattig, og ikkje hadde platespelar, tok Elvis med seg plata til ein kamerat, Ed Leek, si bestemor som hadde platespelar og der vart plata spela lenge og vel same dag. Deretter gjekk Elvis heim, utan plata. Den kom for ein dag midt på 80-talet, etter at bestemora var død og familien skulle rydde i huset. Han var òg tilbake i studio 4. januar 1954 og spela inn to nye songar: I'll Never Stand In Your Way og It Wouldn't Be The Same Without You. Marion Keisker hadde notert seg namnet, og tipsa Sam Phillips om ham, og i slutten av juni 1954 vart Elvis ringd opp av Phillips som lurte på om han kunne tenke seg gjera nokre forsøk i studio. Han vart introdusert til Scotty Moore (gitar) og Bill Black (ståbass) og dei spela litt saman. 5. juli gjekk dei i studio, og dei prøvde ut nokre rolege songar, men det vart aldri det heilt store. På band finnes framleis I Love You Because og Harbor Lights. I ein pause tok Elvis gitaren og starta å synge på ei "gammal" blueslåt. Bill hengde seg på med bassen og etter kvart kom også Scotty med gitaren med. Sam Phillips kom løpande og lurte på kva som skjedde. "Vi veit ikkje" ropa Scotty tilbake. "Vel, fortsett", var den klare meldinga frå Phillips som løp ut i kontrollrommet og sette i gang bandspelaren. Snart etter var That's All Right innspela og eit musikkhistorisk augneblink var eit faktum.
Musikkarrieren hans byrja der i 1954, då han spelte inn ein song med produsenten Sam Phillips i Sun Records. I lag med gitaristen Scotty Moore og bassisten Bill Black var Presley ein av dei første til å popularisere rockabilly, ei kjapp, etterslagbasert blanding av country og rhythm and blues. RCA Victor fekk kontrakt med han i ein avtale arrangert av Colonel Tom Parker, som var manager for songaren i meir enn to tiår. Den første singelen til Presley for RCA, «Heartbreak Hotel», kom ut i januar 1956 og gjekk til topps i USA. Han vart rekna som ein leiande person i rock and roll etter ei rekkje suksessrike framsyningar på fjernsyn og ei rekkje hitsinglar. Dei energiske songtolkingane hans og den seksuelt utfordrande måten han tedde seg på scenen, i tillegg til ei særs mektig blanding av påverknader på tvers av raseskilja, som skjedde samstundes med at borgarrettsrørsla oppstod, gjorde han enormt populær - og kontroversiell.
I november 1956 debuterte han som skodespelar i filmen Love Me Tender. I 1958 vart han innkalla til militærteneste. Han tok opp att musikkarrieren sin to år seinare, og produserte somme av dei minst kommersielt suksessrike platene sine før han gjennom det meste av 1960-åra spelte i Hollywoodfilmar, som han òg spelte inn musikk for. Dei fleste av desse vart slakta av kritikarane. Etter ein sju år lang konsertpause, kom han i 1968 attende på scenen med ei lovprisa fjernsynssending, Elvis, som førte til at han byrja å halde faste konsertar i Las Vegas og la ut på ei rekkje innbringande turnear. I 1973 heldt Presley den første konserten som vart sendt globalt via satellitt, Aloha from Hawaii. Fleire år med misbruk av reseptpliktig medisin skadde helsa hans, og han døydde i 1977, berre 42 år gammal.
Presley er ein av dei mest lovpriste og innverknadsrike musikarane på 1900-talet. Han hadde stor suksess i mange sjangrar, som pop, blues og gospel, og er den mestseljande soloartisten i historia, med eit estimert sal på kring 600 millionar plater og singlar verda over. Han vann tre Grammyprisar, òg fekk Grammy Lifetime Achievement Award 36 år gammal. Han har sidan blitt innlemma i fleire musikalske æresgalleri.
Liv og karriere
1935–53: Tidlege år
Barndommen i Tupelo mini|Fødestaden til Presley i Tupelo i Mississippi. Presley vart fødd 8. januar 1935 i Tupelo i Mississippi, som son av Gladys Love (fødd Smith; 1912–1958) og Vernon Elvis Presley (1916–1979), i ei to rom stort haglebu bygd av faren til Vernon medan Gladys var gravid. Jesse Garon Presley, tvillingbroren til Elvis, var dødfødd og kom 35 minutt før Elvis sjølv. Som einebarn fekk han eit nært forhold til foreldra og hadde særleg eit tett band til mora. Familien tilhøyrte pinsemeinigheita Assembly of God, og det var her han fann den første musikalske inspirasjonen sin. Sjølv om han var i konflikt med pinsekyrkja, forlet han aldri offisielt kyrkja.
Opphavet til Presley var hovudsakleg vesteuropeisk, med irske, skotske, tyske, og normanniske aner. Familien var ofte avhengig av naboar og staten for å få nok mat på bordet. I 1936 overlevde familien ein tornado av styrke F5, den kraftigaste varianten. I 1938 mista dei heimen sin då Vernon vart funnen skuldig i sjekkrytteri. Sjekken vart skriven av landeigaren, Orville S. Bean, ein mjølkebonde som Vernon då arbeidde for. Han sat i fengsel i åtte månader, og Gladys og Elvis flytta inn hos slektningar.
I september 1941 byrja Presley i første klasse på East Tupelo Consolidated, der han vart rekna som «gjennomsnittleg». Han vart oppfordra til å bli med på ein songkonkurranse etter at han imponerte læraren sin med Red Foley-songen «Old Shep» under ei morgonbøn. Konkurransen, the Mississippi-Alabama Fair and Dairy Show den 3. oktober 1945, var den første offentlege framsyninga hans. Utkledd som cowboy stod den då ti år gamle Presley på ein stol for å nå opp til mikrofonen og song «Old Shep». Han enda på femteplassen i konkurransen. Eit par månader seinare fekk Presley den første gitaren sin i bursdagsgåve, men vart skuffa fordi han heller hadde ønskt seg ein sykkel eller eit gevær. Det neste året lærte to av onklane og den nye pastoren i kyrkja hans han å spele gitar. Presley sa sjølv «Eg tok gitaren, og eg såg på folk, og eg lærte å spele litt. Men eg song aldri for folk. Eg var særs sjenert når det kom til det».
Då han byrja på ny skule, Milam, i sjette klasse i september 1946, vart Presley rekna som ein einstøing. Det neste året brukte han ta med seg gitaren kvar dag. Han spelte og song i lunsjpausen, og vart ofte erta for å vere «thrasy» (ein frå den kvite underklassen) som spelte hillbillymusikk. Familien budde då i eit stort sett afroamerikansk nabolag. Presley var stor fan av radioshowet til Mississippi Slim på radiostasjonen WELO. Presley gjekk i klassen til den yngre broren til Slim, som ofte tok han med på stasjonen. Slim lærte Presley fleire ting på gitaren. Då Presley var 12 år gammal fekk Slim han til å spele på lufta to gonger. Presley takla ikkje scenefrykta den første gongen, men klarte å spele veka etter.
Tenåra i Memphis I november 1948 flytta familien til Memphis i Tennessee. Etter å ha budd nesten eitt år i losjihus fekk dei ein leilegheit med to soverom i eit offentleg bustadbygg kalla Lauderdale Courts. Han byrja å gå på L. C. Humes High School og fekk berre C i musikk i åttande klasse. Då musikklæraren hans sa til han at han ikkje var flink nok til å syngje, tok han med seg gitaren dagen etter og song «Keep Them Cold Icy Fingers Off Me» i eit forsøk på motbevise ho. Ein klassekamerat sa seinare at læraren «var samd med Elvis då han sa at ho ikkje likte måten han song på». Han var vanlegvis for sjenert til å syngje for folk, og vart stundom mobba av klassekameratane som såg på han som ein «mammadalt». I 1950 gjekk han i fast lære på gitar hos Jesse Lee Denson, ein nabo som var to år eldre han. Dei og tre andre gutar - mellom andre dei to framtidige rockabilly-pionerane, brørne Dorsey og Johnny Burnette - spelte stundom i lag. I september det året byrja Elvis å vere dørvakt ved Loew's State Theater. Seinare hadde han andre jobbar, som Precision Tool, Loew igjen og MARL Metal Products.
Etter kvart byrja Presley å skilje seg meir ut frå klassekameratane. Han fekk kraftig skinnskjegg og byrja å ha roseolje og vaselin i håret. På fritida si brukte han gå på Beale Street, i hjartet av det blømande bluesmiljøet i Memphis, og brukte å stå å sjå på dei prangande kleda i vindauga hos Lansky Brothers. Siste året på skulen gjekk han i desse kleda. Han kom seg over sceneskrekken og konkurrerte på Humes's Annual «Minstrel»-showet i april 1953. Han song og spelte gitar og opna med «Till I Waltz Again with You», som nyleg hadde vore ein hit for Teresa Brewer. Presley hugsa at framsyninga hjelpte stort for ryktet hans: «Eg var ikkje populær på skulen...då eg kom på scenen høyrte eg mumling og kviskring i publikum, fordi ingen visste at eg kunne syngje. Det er utruleg kor populær eg vart etter det.»
Presley, som aldri gjekk i formell lære eller lærte seg å lese notar, studerte og spelte etter øyret. Han gjekk ofte på platebutikkar med jukeboksar og lyttekioskar. Han kunne alle songane til Hank Snow, og likte særs godt plater av andre countrysongarar som Roy Acuff, Ernest Tubb, Ted Daffan, Jimmie Rodgers, Jimmie Davis og Bob Wills. Southern gospel-songaren Jake Hess, ein av favorittartistane til Presley, hadde stor innverknad på korleis han song balladar. Han var ofte å sjå i publikum på dei månadlege All-Night Singings i sentrum, der mange kvite gospelgrupper song songar inspirerte av afroamerikansk negro spirituals. Han beundra musikken til den svarte gospelsongaren Sister Rosetta Tharpe. Som sine likemenn kan han ha gått på blueskonsertar på kveldar då det berre var kvitt publikum, slik det var på den tida i det segregerte Sør-USA. Han lytta i alle fall til regionale radiostasjonar, som WDIA-AM, som spelte «raseplater»: spiritual, blues, og moderne etterslagstung rhythm and blues. Mange av dei framtidige innspelingane hans var inspirerte av lokale afroamerikanske musikarar som Arthur Crudup og Rufus Thomas. B.B. King hugsa at han kjende Presley før han vart populær, då dei begge brukte å gå på Beale Street. Då Presley var ferdig på vidaregåande i juni 1953 hadde han alt bestemt seg for å bli musikar.
1953–55: Dei første innspelingane
Sam Phillips og Sun Records mini|Presley på eit bilete for Sun Records i 1954. I juli 1953 (18. juli) gjekk Presley inn på kontoret til Sun Records. Han ønskte å betale for eit par minuttar med studiotid for å spele inn ei acetatplate på to sider med «My Happiness» og «That's When Your Heartaches Begin». Han hevda seinare at plata skulle vere ei gåve til mora, eller at han berre var interessert i å høyre korleis han høyrdest ut, sjølv om det var langt billigare amatørinnspelingstenester i ein butikk i nærleiken. Biografen Peter Guralnick hevdar han valde Sun i håp om å bli oppdaga. Resepsjonisten Marion Keisker spurte han om kva slags songar han var og Presley svarte: «Eg syng all slags musikk». Då ho spurte han igjen sa han «Eg høyrest ikkje ut som nokon». Etter innspelinga bad sjefen i Sun, Sam Phillips Keisker om å notere seg namnet på den unge mannen og ho skreiv: «God balladesongar. Vent.»