Justis- og beredskapsdepartementet, ofte berre omtala i daglegtale som Justisdepartementet, styrer justisvesenet i Noreg med ansvar for politi og påtalemakt. Departementet har som hovudmål å sikra tryggleiken til samfunnet og enkeltmennesket, og at rettstryggleiken for kvar og ein blir verna.
Justisdepartementet blei oppretta 17. november 1818 då 2. departement for justisvesenet og 3. departement for politisaker blei slått saman. I 1940 blei departement delt i to av NS-regjeringa til Justisdepartementet og det utvida Politidepartementet.
Justis- og beredskapsdepartementets ansvarsområde Departementet har desse avdelingane: Plan- og administrasjonsavdelinga Politiavdelinga Sivilavdelinga Lovavdelinga Kriminalomsorgsavdelinga Rednings- og beredskapsavdelinga Polaravdelinga
i tillegg til ei informasjonseining og analysestab.
Politisk leiing Per 4. februar 2025 er Astri Aas-Hansen statsråd og leiar for Justis- og beredskapsdepartementet.
Sjå òg Norske justisministrar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske departement Kategori:Skipingar i 1818 Kategori:1818 i Noreg