«Igranka» (montenegrinsk for Dans) var det montenegrinske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på montenegrinsk av Who See. Songen er skriven av Wikluh Sky og Who See.
Eurovision Song Contest 2013 12. februar 2013 vart det kjend at «Igranka» ville representere Montenegro i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Montenegro vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.
Semifinale 1 Songen starta som nummer ni, etter Nederland med «Birds» av Anouk og før Litauen med «Something» av Andrius Pojavis. Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Igranka» frå , den 23. mars 2013.
Fotnotar
Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Montenegrinske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Montenegrinskspråklege Eurovision Song Contest-songar