Terje Riis-Johansen () er ein norsk senterpartipolitikar frå Skien. Han var landbruks- og matminister 2005–2008 og olje- og energiminister i Jens Stoltenberg si andre regjering 2008-2011. Riis-Johansen gjekk av 4. mars 2011 og vart etterfølgd av partifellen Ola Borten Moe. 5. oktober 2011 vart han vald til fylkesordførar i Telemark og sat til 2015.

Karriere Riis-Johansen er utdanna innan agronomi og landbruksteknikk. Ved kommune- og fylkestingsvalet i 1991 vart han vald inn i Skien bystyre og Telemark fylkesting for Senterpartiet, og i 1993 vart han vald inn på Stortinget, men mista plassen sin der i 1997. Frå 17. oktober 2005 og fram til 20. juni 2008 var han statsråd i Landbruks- og matdepartementet i same regjeringa Stoltenberg II.

Under regjeringa Bondevik I var han rådgjevar i Finansdepartementet. Han var fram til han vart utnemnd som statsråd styremedlem i Noregs Bondelag (2000–2005). Elles har Riis-Johansen mellom anna vore sentralstyremedlem i Norges Bygdeungdomslag (1989–1991) og nestleiar i Nei til EU (1995–1997).

I 2009 vart Riis-Johansen trekt inn i ein kritikk av Innovasjon Norge, då det kom fram at han i 2007 fekk 500 000 kroner i rein støtte frå innovasjonsføretaket for å pusse opp ein fjøs.«Frp: – Støtter bønder mer enn gründere» av Cathrine Graff på TV2Nyhetene.no (21.06.2009).

Etter kommunevalet i 2023 blei han vald til fylkesvaraordførar i nye Telemark fylke.

Terje Riis-Johansen er gift og har tre ungar.

Kjelder «Terje Riis-Johansen» hjå Store Norske Leksikon, innhenta 30. oktober 2009 (lisensiert under CC-BY-SA).

Referansar

Delar av denne artikkelen bygger på «Terje Riis-Johansen» frå , den 11. mars 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Norske olje- og energiministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Senterpartistatsrådar Kategori:Politiske rådgjevarar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Fylkesordførarar i Telemark Kategori:Sp-politikarar i Telemark Kategori:Lokalpolitikarar i Skien Kategori:Norske agronomar Kategori:Folk frå Skien