Engebret Soot () er kjend som Haldenkanalens far. Han bygde sluser og kanalar for transport av båtar og tømmer.
Soot var fødd i Aurskog og voks opp på Sootplassen. Han fekk arbeid som smed og tømmermann, og tileigna seg teknisk kunnskap utan å få formell utdanning. I 1825 fekk han stilling som fløtingsinspektør ved Haldenvassdraget.
mini|venstre|Minnestøtte ved Ørje sluse over Kanalbyggeren Engebret Soot (1786–1859) mini|Engebret Soot og to sluser i Haldenkanalen Kanalbygging Frå 1824/25 til 1827 bygde Engebret Soot den 775 meter lange Otteid kanal, den første i sitt slag i Noreg. Dette skjedde etter ønskje frå Fredrikshalds sagbrugseiere. Dei ville få tømmeret raskare ned til byen, ei tid då det tok eit par år å få tømmeret nedover frå Stora Le. 20. juli 1849 opna «Soots kanal», landets første slusekanal. Denne kanalen vart brukt til å fløyte tømmer oppstraums frå Mangenvassdraget til Haldenvassdraget. Kanalen vart kjøpt av Saugbrugsforeningen i 1869, ti år etter at Saugbrugs vart skipa. Kanalen var i drift til 1930. Våren 1852 byrja bygginga av Brekke sluser i Haldenkanalen og 7. juni 1853 vart «Stens-Elvs-Kanalens Aabning» markert. Krappeto-dammen stod ferdig i 1856, slik at anlegget vart teke i bruk i 1857. Det vart øydelagt i 1861, halvtanna år etter at Soot var død.
Ettermæle Dampbåten Engebret Soot gjekk i rute mellom Skulerud og Holmgil brygge på innsjøen Aspern.
Kjelder
Artikkel i Halden Arbeiderblad om Haldenkanalens far Grete Brustad Nilsens minne-hefte om Engebret Soot Denne artikkelen bygger på «Engebret Soot» frå , den 18. mai 2013.
Kategori:Norske ingeniørar Kategori:Folk frå Aurskog-Høland Kategori:Haldenkanalen