mini|Tsjadsjøen i Afrika. Det gråblåe omrisset viser utbreiinga av sjøen i 1972, det lyseblåe stoda i 1987, då sjøen var på sitt minste, og det mørkeblåe ei noko større utbreiing i 2007. Tsjadsjøen (fransk ) er ein stor, grunn innsjø i Sentral-Afrika. Han er delt mellom Kamerun, Nigeria, Niger og Tsjad, som han har gjeve namn til. Størstedelen av sjøen ligg i Tsjad og Kamerun.

Tsjadsjøen får det meste av vatnet sitt frå elva Chari, over 90 %. Han har ikkje noko utlaup. Sjøen har ei viktig økonomisk tyding, og gjev vatn til over 30 millionar menneske som lever rundt han.

Innsjøen har krympa gjennom fleire tiår. Ifølgje Global Resource Information Database ved United Nations Environment Programme krympa han med så mykje som 95 % frå rundt about 1963 to 1998. Han var på sitt minste i 1986, med ei flatevidd på 279 km².Umar, I.A., (2018): Modelling of water cycle regime of Lake Chad using GIS and remote sensing for decadal periods. Unpublished BSc Project. University of Maiduguri, Borno, Nigeria Ifølgje satellittbilde frå 2007 hadde flatevidda auka att i dei føregåande åra.

Europeisk utforsking Dei fyrste europearane som nådde Tsjadsjøen, som tidlegare var blitt markert på kart berre med bakgrunn i rykte og tradisjonar, kom dit i 1823. Dei tilhøyrde ein engelsk ekspedisjon som hadde Dixon Denham, Hugh Clapperton og Walter Oudney som sine best kjende deltakarar. Nærare kunnskap om sjøen og landet rundt han i nordvest og aust blei fyrst spreidd gjennom reisene til tyskarane Heinrich Barth og Gustav Nachtigal, fyrstnemnde i 1850–1855 og sistnemnde i 1870–1874. I sør blei Tsjadbekkenet fyrst kartlagt i 1896–1897 av franskmannen Émile Gentil, som følgde Charielva til utløpet hennar i Tsjadsjøen. Eigenskapane og dei særeigne endringane til sjøen blei utforska og kartlagde av ei rekkje franske militærekspedisjonar som byrja i 1900, framfor alt av den franske majoren Jean Tilho, som lenge var stasjonert i Tsjadterritoriet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tchadsjön» frå , den 28. mars 2013. Delar av denne artikkelen bygger på «Lake Chad» frå , den 22. april 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Informasjon om vassystemet i Tsjadsjøen ved earthtrends.wri.org

Kategori:Innsjøar i Tsjad Kategori:Innsjøar i Niger Kategori:Innsjøar i Nigeria Kategori:Innsjøar i Kamerun