Tove Linnea Brandvik () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som har vore ordførar og stortingsrepresentant. Brandvik sit også i sentralstyret til Arbeidarpartiet.

Tove Linnea Brandvik var ordførar i Lindås kommune frå 2003 til hausten 2007. Då Brandvik vart ordførar i 2003 vart ho Lindås kommune sin første kvinnelege ordførar og så langt yngste ordførar, berre 35 år. Brandvik gjekk inn i si første kommunestyreperiode som ordførar. Ho kom frå stillinga som Senterleiar på kjøpesenteret Lindås Senter.

Brandvik var vararepresentant for Arbeidarpartiet på Stortinget i perioden 2005-2009. Frå 2009 møtte ho fast og vart medlem i Arbeids og sosialkomiteen. Ho vart med dette den første fast møtande funksjonshemma stortingsrepresentanten. Som vararepresentant vart Brandvik kjend som Noregs første rullestolbrukar på Stortinget. Årsaka var at ein måtte gjere diverse tilpassingar i stortingssalen, som på førehand ikkje var tilpassa rullestolbrukarar.

Brandvik er fødd i Levanger og budde store delar av oppveksten i Leirfjord kommune i Nordland. Ho er utdanna diplomøkonom frå BI Trondheim / BI Bergen. I 2007 var ho nestleiar i regionrådet Nordhordland IKS, styreleiar for Nordhordlands kraftlag, nestleiar i Hordaland Arbeidarparti og medlem i Arbeidarpartiets Sentralstyre.

Bakgrunnsstoff Biografi ved stortinget.no Presentasjon av kandidaten ved tv2nyhetene.no

Kategori:Ordførarar i Lindås Kategori:Ap-ordførarar i Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Levanger Kategori:Folk frå Leirfjord