Henrik August Angell () var ein norsk offiser, eventyrar, skipionér og forfattar.

Militær karriere Angell vart offiser 1882, tenestegjorde ei tid i generalstaben og tok generalstabseksamen i 1898. Han vart major og bataljonssjef i infanteriet i 1910, og oberst og regimentsjef i 1911.

Han var på fleire stipendreiser på Balkan i 1912 og 1914 for å studere fri-skarenes bruk i Balkankrigen. Før dette hadde han eit lengre opphald i Montenegro frå 1897 og studerte krigen der.

I 1918 gjekk han av som norsk offiser for å delta på fransk side i krigen. Han vart løytnant i Fremmedlegionen og deltok først ei kort tid på vestfronten. Seinare i krigen mot bolsjevikane i Nord-Russland, der han på «kvit» side fekk kraftige forfrysningar og måtte amputere - dette tok til slutt livet hans.

Idrett Same året (1884) som Fridtjof Nansen gjekk på ski frå Bergen til Kristiania gjekk Angell også over fjellet på ski.

På oppdrag frå prins Nikola I av Montenegro fekk han i gang landets første skiskule, og blir rekna som grunnleggjar av skisporten i Montenegro. Han medverka også til at den første skiskulen i dei franske Alpene vart skipa (1903). Angell var medlem av den internasjonale olympiske komité frå 1905 til 1907.

Heidersteikn Angell vart tildelt ei rad ordenar og heidersteikn for sitt arbeid.Norges statskalender for året 1919, efter offentlig foranstaltning redigeret af B. Rolsted, Kristiania: forlagt av H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), 1919, sp. 838 og 1271. I 1903 vart han tildelt 1. klasse av den norske Medaljen for edel dåd. Han vart dekorert med 4. klasse av den montenegrinske Danilo Is orden, 2. klasse av den serbiske Sankt Savas orden og 3. klasse av den osmanske Mecidi-ordenen. Han vart også ridder av 1. klasse av den svenske Sverdordenen og til ridder av den danske Dannebrogordenen. Angell var offiser av den greske Frelserens orden og ridder av den franske Æreslegionen. I Frankrike vart han også utnemnd til officier des académies.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder

Allkunne.no Fylkesleksikon Sogn og Fjordane

Bakgrunnsstoff

Minnestein over Henrik Angell Gravminner Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978 Om Henrik Angell i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Norske forfattarar av reiseskildringar Kategori:Norske offiserar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Medlemmar i Den internasjonale olympiske komitéen Kategori:Medaljen for edel dåd Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Sverdordenen Kategori:Æreslegionen Kategori:Folk frå Luster Kategori:Forfattarar frå Luster