Park Geun-hye () var den ellevte presidenten i Sør-Korea frå 2013 fram til ho vart avsett i 2017. Geun-hye var den fyrste kvinnelege presidenten i landet. Ho er dotter av den sørkoreanske politikaren Park Chung-hee, og vart vald til president 25. februar 2013. Ho representerer partiet Saenuri - «Ny verd».

Park Geun-hye har studert ingeniørvitskap ved Sogang-universitetet i Seoul. I 1998 vart ho fyrste gongen sett inn som representant i nasjonalforsamlinga i Sør-Korea. Ho ynskte å stilla som presidentkandidat i 2007, men partiet ho representerte, valde å bruka Lee Myung-bak i staden. Sakene ho prioriterer som president er sosial velferd, auka økonomisk demokrati og nasjonal forsoning.

Konfliktfylt presidentskap

Kort etter at Park Geun-hye vart vald til president, bad ho Kim Jong-un, presidenten i Nord-Korea om å ikkje bruka atomvåpen. Dette vart sagt på ein minnedag for at eit sørkoreansk marineskip vart senka, truleg av ein nordkoreansk ubåt. Nord-Korea har seinare brukt hard retorikk mot Park Geun-hye, kalla henne svikefull og falsk og kritisert kjolane ho går i. Kort tid før ho vart president, gjennomførte Nord-Korea ei atomprøvesprenging, og har nyleg truga med å gå til åtak på USA.Nrk.no, 27.03.13: Nord-Korea ber Sør-Koreas president passe munnen sin

Park Geun-hye er ugift og lever åleine. Foreldra hennar vart begge drepne på 1970-talet.

Kjelder

BBC, 25.02.13: Profile: South Korean President Park Geun-hye. (engelsk)

Fotnotar

Kategori:Sørkoreanske presidentar Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar