Vår Frue kyrkje også kjent som Vår Frue kirke er ei steinkyrkje i Trondheim. Koret og austre halvdel av skipet utgjer Mariakyrkja frå mellomalderen. Ved sida av Nidarosdomen er dette den einaste kyrkja frå mellomalderen i Trondheim som har overlevd til våre dagar. Frå 1400-talet har kyrkja blitt omtala som Vår Frue kyrkje.DN b5 nr 640 (1434): "Warfrv kirkiu" Skipet vart forlenga i 1690 og tårnet kom til omkring 1740.http://snl.no/V%C3%A5r_Frue_kirke/Trondheim Bygget ligg mellom gateløpet Vår Frue Strete (frå mellomalderen) og den nyare Kongens gate, midt i byen. Kyrkja har blitt herja av brann fleire gonger, men har blitt gjenreist kvar gong.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Trondheim Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer i Nidaros Domprosti Kategori:Kulturminne i Trondheim Kategori:Freda bygg i Trøndelag