Mari Maurstad () er ein norsk skodespelar frå Oslo.
Karriere Maurstad debuterte på Den Nationale Scene i Bergen 1977 i Kvinner av Claire Booth, medan den fyrste større rolla hennar var som Cordelia i Kong Lear av Shakespeare i 1978. Frå 1977 til 1980 var ho tilsett ved Den Nationale Scene. Ho vart fast tilsett ved Nationaltheatret i 1981. Ho har i tillegg medverka i mange ulike fjernsynsprogram og dubba ei rekkje teiknefilmar.
I 2008 vann ho Heddaprisen for tolkinga si av Miss Lamont i Singin' in the Rain på Oslo nye teater.
Dubberoller For Disney er ho best kjent som røysta til Dolly Duck og Ole, Dole og Doffen i ulike norske Disney-produksjonar og til Shenzi i The Lion King.
Familie Ho er dotter av Alfred Maurstad og halvsyster til Toralv Maurstad og gift med musikaren Aage Kvalbein.
Kjelder
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Vinnarar av Heddaprisen