Nikolaikyrkja er den største av to steinkyrkjer frå mellomalderen på Granavollen i Gran kommune i Innlandet fylke. Dei to kyrkjene ligg tett ved sida av kvarandre og går under namnet Søsterkyrkjene. Den eldste av dei to, Mariakyrkja, stod truleg ferdig då Nikolaikyrkja vart bygd kring 1150. Den har 250 sitjeplassar, og var truleg kyrkje for Hadeland. Den er oppført som ein basilika, med midtskip og to sideskip der kraftige romanske søylerekker løftar taket over ytterveggane og gir luft i rommet. Den har firefasa ribbekvelving over midtskipet med to travéar og tønnekvelving i sideskipa. Veggane er kvitkalka, med koret innramma av ein steinboge.

Galleri

Litteratur Ekroll, Øystein, Stige, Morten, Havran, Jiri, Middelalder i stein bind 1 i serien Kirker i Norge, Oslo 2000, ISBN 82-91399-09-3

Sven Rosborn, 2014, Søsterkirkene og Steinhuset på Granavollen : Studier i eldre norsk steinbyggerkunst. [Gran 2014]: Stiftelsen Steinhuset på Gran. ISBN 978-82-999607-0-0

Bakgrunnsstoff

Gran/Tingelstad kyrkjelyd

Kategori:Kyrkjer i Gran Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Kyrkjer i Hadeland og Land prosti Kategori:Basilikaer i Noreg Kategori:Kulturminne i Gran Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Innlandet