Mount Drewry er eit markant, blokkaktig fjell på vestsida av Beardmorebreen i Antarktis, med ei høgd opp mot 2910 moh. Fjellet ligg mellom Bingleybreen og Cherry Icefall i Queen Alexandra Range. Det vart oppdaga og grovt kartlagt av den sørlege gruppa under Nimrod-ekspedisjonen, leia av Ernest Shackleton, som var ved dette fjellet den 13. desember 1908. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names i 1986 etter David J. Drewry, ein britisk glasiolog som var leiar for radioekkomålingar frå lufta for Scott Polar Research Institute, National Science Foundation og Danmarks Tekniske Universitet, 1967–79, direktør i Scott Polar Research Institute 1984–87, og direktør i British Antarctic Survey frå 1987.
Kjelder
Kategori:Fjell i Ross Dependency Kategori:Shackleton Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter britar