Mount Goodale er eit fjell med to toppar på 2420 og 2570 moh, som ligg 6 nautiske mil søraust for Mount Thorne i Hays Mountains i Dronning Maudfjella i Antarktis. Det vart oppdaga i desember 1929 av eit geologisk lag under Byrd-ekspedisjonen under Laurence Gould, og vart namngjeve av Richard E. Byrd etter Edward E. Goodale, eit medlem i gruppa. Frå 1959 til 1968 tente Goodale som representant for US Antarctic Research Program i Christchurch på New Zealand og sendte tusenvis av forskarar til Antarktis.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjell i Ross Dependency Kategori:Amundsen Coast