Margit Johnsen Godø, også kjend som Malta-Margit, () var ein norsk krigssiglar. I 1942 fekk ho St. Olavsmedaljen med eikegrein og fleire andre utmerkingar for innsats i konvoifart til Malta. Historia om henne vert fortald som døme på kvinnenes innsats under andre verdskrigen.

Torpedert i juni 1940 Johnsen siglde som salongpike med reiarlaget Wilh. Wilhelmsen.«Do or die» , WW World, nr. 3-4, 2009, s. 38-39. Ho arbeidde om bord MS «Tudor», som var i Middelhavet då Tyskland gjekk til åtak på Noreg 9. april 1940. Den 12. juni gjekk skipet i konvoi frå Gibraltar og den 19. juni 1940 vart MS «Tudor» torpedert nordvest av Kapp Finisterre på veg til Storbritannia. Johnsen og resten av mannskapet, med unntak av ein, overlevde torpederinga.

Dødskonvoiane til Malta 1942 mini|Konvoien MS «Talabot» var ein del av hadde ein stor britisk styrke til vern. Her er HMS «Cleopatra» og HMS «Euryalus» i kamp med italienske skip den 22. mars 1942. Britiske skip legg ut røyk mellom konvoien og dei italienske skipa, slik at handelsskipa kan sleppe unna åtaket. I 1942, då aksemaktene freista å erobre den strategisk viktige britiske kolonien Malta, var Johnsen på MS «Talabot» i fart på Middelhavet. I Alexandria i Egypt fekk skipet hennar ordre om å gå i konvoi til Malta. Dette var farleg ferd og konvoiane til Malta vart kjend som dødskonvoiar. Konvoien som no skulle av garde, med kodenamnet MW10, fekk tilnamnet «sjølvmordskonvoien». Kapteinen på MS «Talabot», Albert Toft, ville at Johnsen skulle mønstre av i Egypt, men ho ønskte i staden sigle med skipskameratane under den farefulle ferda som låg framfor dei.

Dei fire handelsskipa i konvoien var MS «Breconshire», MS «Clan Campbell», MS «Pampas» og MS «Talabot». Dei var lasta med ammunisjon, bensin, parafin, kol og kveite og andre varer Malta hadde trong for. Ein styrke på 22 britiske orlogsskip under kontreadmiral Philip Vian eskorterte handelsskipa.

Konvoien la ut frå Alexandria den 20. mars 1942. To dagar seinare vart den utsett for åtak av italienske krigsskip og italienske og tyske fly. Kampen vart kjend som det andre slaget i Sidrabukta. MS «Breconshire» vart gjort til vrak, MS «Clan Campbell» vart søkkt, men MS «Pampas» og MS «Talabot» nådde fram til Malta.

I hamn i Valletta vart MS «Talabot» utsett for nytt åtak frå lufta før lossinga var ferdig. Skipet vart ramma og sett i brann og mannskapet søkkte det sjølv for å hindre at ammunisjon og drivstoff skulle eksplodere.

Under overfart frå Alexandria og i hamn i Valletta utmerkte Johnsen seg med mot og djervskap. Kapteinen meinte innsatsen hennar var viktig for å halde oppe moralen om bord.«Helter til havs» , Arkivverket. Saman med kapteinen og skipskatten var Johnsen dei siste som gjekk frå borde då MS «Talabot» gjekk ned den 27. mars 1942.

I sjøfarts- og krigslitteraturen frå dei første etterkrigsåra og fram til i dag finst historia om Johnsen som eit døme på kvinnenes innsats under verdskrigen.Sverre Steen (red.): Norges krig: 1940–1945. Bind II, Oslo: Gyldendal, 1948, s. 295.A.H. Rasmussen: Menn uten medaljer. En saga om og av norske sjøfolk, Oslo: Cappelen, 1964, s. 80 og 89.Birger Dannevig: Skip og menn. Den norske handelsflåtes krigsinnsats 1939–1945, Oslo: Cappelen, 1968, bilde mellom s. 80 og 81, samt s. 141.Guri Hjeltnes: Handelsflåten i krig. Bind 3. Sjømann: lang vakt, Oslo: Grøndahl-Dreyer, 1995, s. 293–294 og 311.Elisabeth Lønnå: Sjøens kvinner. Ute og hjemme, Oslo: Scandinavian Academic Press, 2010, s. 103–105.

Frå Malta kom Johnsen til Storbritannia. Ho heldt fram å sigle gjennom krigsåra om bord på Wilhelmsen-skipa MS «Tarifa», MS «Tai Yin», MS «Toulouse» og til slutt MT «Fagerfjell», som ho kom heim til Noreg med i desember 1945.Lønnå, s. 104.

Etter verdskrigen Johnsen var i utanriksfart til kring 1960. Sunnmørsposten, 28. juli 1987. Ho gifta seg og tok etternamnet Godø.

Utmerkingar Johnsen var høgt dekorert for innsatsen sin.Ålesund kommune seier i «Rekorder fra Ålesund» at ho er den «mest dekorerte kvinne» frå byen. I Norges krig: 1940–1945. Bind II, Oslo: , 1948, s. 295, står det at ho vart tildelt Sankt Olavs orden og Krigskrossen, forveksling med St. Olavsmedaljen med eikegrein og Krigsmedaljen. Ho er den einaste kvinnelege mottakaren av St. Olavsmedaljen med eikegrein.Grethe Værnø og Elisabeth Sveri: Kvinnenes forsvarshistorie, Oslo: Kvinners frivillige beredskap, 1990, s. 35 og 52.Oversyn over mottakarar finst i Erik Gjems-Onstad (red.): Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren, Oslo: Grøndahl Dreyer, 1995, der Johnsen står s. 198. For å ha sigla 18 månader i faresona vart Johnsen tildelt Krigsmedaljen. Britane heidra innsatsen hennar på MS «Talabot» med British Empire Medal «for uforferdet å ha servert kaffe og andre forfriskninger til folkene på broen og ved kanonene under et hårdt luftangrep på skipet da det var på vei til Malta».

Johnsen fekk Ulabrand-statuetten.

Referansar

Kategori:Norske sjøfolk Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Folk frå Ålesund Kategori:St. Olavsmedaljen med eikegrein