Mario Kart 7 er eit dataspel i Mario Kart-serien. Spelet er utvikla av Nintendo til spelemaskina Nintendo 3DS og blei utgjeve i Europa 2. desember 2011.Kart 7 Related Games Gamespot.com (på engelsk)
Mario Kart 7 har 17 ulike rollefigurar som ein kan velje å køyre med. I tillegg har spelet 32 ulike køyrebanar. Nytt i Mario Kart 7 er at bilane kan slå ut vengjer og segle av garde når dei er i lufta. Det er mogeleg å byggje eigne bilar ved å kombinere ulike chassis, dekk og vengjer. Åtte spelarar kan spele samtidig, anten trådlaust med medspelarar i nærleiken eller over internett. Køyrebanane har tema frå andre spel i Mario- eller Donkey Kong-serien.
Referansar
Kategori:Nintendo 3DS-spel Kategori:Dataspel frå 2011 Kategori:Nintendo Entertainment Analysis and Development-spel Kategori:Mario Kart