Tyranny of Beauty er det 51. albumet og det 23. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Gitaristen Zlatko Perica er ikkje med på dette eller det neste albumet, Goblins' Club (1996), trass i at han var fulltidsmedlem i bandet. I staden speler gjestemusikarane Gerald Gradwohl og Mark Hornby på begge desse platene og under konsertane gruppa hadde i London i november 1996.

Bakgrunn Stilmessig er Tyranny Of Beauty i same bane som føregangarane. Sporet «Stratosfear 1995» er ei nyinnspeling av komposisjonen frå 1976, og var basert på ein idé av Jerome Froese: «Eg laga «Stratosfear» for moro skuld, kanskje for å ta han med på samlealbumet Tangents, og så sende eg han til Virgin og dei sa at han var tung til å gå innimellom dei andre spora på Tangents. Så me tenkte, ok, kanskje me kan ta han med på den neste plata...».

«Largo» er ei innspeling av stykket til Georg Friedrich Händel. Edgar Froese sa: «Det er ein referanse til ei tid då folk hadde ein heilt annan tilnærmingsmåte til musikk. Om du lyttar til eit originalt Händel-stykke så vil du sjå at det er alle mogelege forskjellige kontrapunktiske melodilinjer der, forskjellie ting som skjer mot kvarandre heile tida. Det interessante var å finne ei ny melodilinje som kunne gå over alt det igjen og så andre som ikkje ville forstyrre. Og det som Linda gjorde på saksofonen fungerte godt.»

Innhald

Medverkande Tangerine Dream Edgar Froese — elektrisk og akustisk gitar, klaverinstrument, 12-strengsgitar, trommer, lydteknikar, komponist, produsent Jerome Froese — elektrisk og akustisk gitar, klaverinstrument, trommer, perkusjon, lydteknikar, komponist Linda Spa — alt- og sopransaksofon, engelsk horn, saksofonarrangement på «Largo» Andre medverkande Gerald Gradwohl — elektrisk og akustisk gitar Mark Hornby — elektrisk og akustisk gitar, 12-strengsgitar, EBow Teknisk Christian Gstettner — lydteknikar Peter Baumann — komponist «Stratosfear» Christopher Franke — komponist «Stratosfear» George Frideric Handel — komponist «Largo» Gisela Kloetzer — strykearrangement på «Largo»

Promo Ein CD-5 kom ut med redigerte versjonar av fire spor og bonusspor «Quasar», som kom med på seinare utgåver av Tyranny of Beauty.

CD-ROM Ein CD-ROM med same tittel vart publisert i Italia i 1995 som vedheng til magasinet New Age and New Sounds. Utanom multimedia-innhald inneheldt det to lydspor:

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tyranny of Beauty» frå , den 16. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1995 Kategori:Tangerine Dream-album Kategori:Virgin Records-album