Mirage er det åttande albumet til Klaus Schulze. Det kom ut i 1977 og igjen i 2005 med bonusspor. Bonusspor, eit utdrag frå «In cosa crede chi non crede?» vart tidlegare gjeven ut på samleplata Trailer (1999) for å marknadsføre plateboksen til Schulze, The Ultimate Edition (2000), som inneheldt heile 50 plater.

Albumet består av to stykke: «Velvet Voyage» og «Crystal Lake». Kvart stykke har seks satsar med eksperimentelle lydar og attvendande tema. I følgja allmusic har albumet ein kald og is-aktig struktur som tar lyttaren til vintersolkverv.

Innhald

Medverkande Klaus Schulze – Elektroniske instrument

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mirage (Klaus Schulze album)» frå , den 11. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Mirage på den offisielle nettsida til Klaus Schulze

Kategori:Klaus Schulze-album Kategori:Musikkalbum frå 1977