Los Angeles (ofte korta til LA) er ein storby sør i delstaten California på vestkysten av USA. Los Angeles er den største byen i California, og den nest største byen i USA med eit innbyggjartal på 3 798 981 (2002), med forstadar kring 17,5 millionar.

LA ligg i Los Angeles County. Byen er USA sitt største byområde i utstrekning, med kring 1200 km² i samla flatevidd.

Historie Området Los Angeles ligg på har vore folkesett av amerikanske urfolk i tusenvis av år, i hovudsak av chumashfolk og tongvafolk.

Europearar kom til Los Angeles fyrste gong i 1542, då spanjolen Juan Cabrillo reiste gjennom området. Det var ikkje før i 1769 at spanjolane etablerte ein varig busetnad i området, da dei etablerte Mission San Gabriel Arcangel her.

Den 4. september 1781 grunnla nybyggjarar frå misjonen ein by. Denne byen vart kalla El Pueblo de Nuestra Señora la Reina de los Ángeles de la Porciúncula. Namnet syner tilknyting til fransiskanarane.

Fram til den meksikansk-amerikanske krigen i 1846–1848 var byen ein liten meksikansk småby. Etter at USA erobra California byrja byen å veksa snøgt, som eit resultat av gullfeberen frå 1849. I 1850 fekk Los Angeles bystatus.

Folk frå Los Angeles Grant Imahara (1970–2020), ingeniør, programleiar

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i California Kategori:Vertsbyar for sommar-OL Kategori:Busetnader grunnlagde i 1781 Kategori:Stadnamn av spansk opphav i USA