Friedrich Louis Carl Heinrich Paschen () var ein tysk fysikar.
Frå 1901 til 1921 var han professor i Tübingen, og frå 1921 til 1924 i Bonn. Han var så president for Physikalisch-Technische Reichsanstalt og professor ved universitetet i Berlin til han i 1933 vart avsett av Adolf Hitler. Paschen gjorde grunnleggjande arbeid i spektroskopien. Han fann ein serie i hydrogenspekteret, paschenserien, og gjorde ei mengd presisjonsavgjersler av bølgjelengdene til spektrallinjer. Han oppdaga saman med E. Back den såkalla Paschen–Back-effekten for oppsplitting av spektrallinjer i særs sterke magnetfelt. Målingane hans av energifordelinga i varmestrålinga gav det eksperimentelle grunnlaget for Plancks kvanteteori. Til desse målingane konstruerte han eit nytt, svært kjenslevart galvanometer, paschengalvanometeret.
Kjelder Friedrich Paschen. (27.02.2013) I Store norske leksikon.
Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Folk frå Schwerin Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Fysikarar på 1900-talet