Marble Peak er eit kystfjell som ligg like ved O'Brien Peak 2 nautiske mil (3,7 km) mot søraust og har nesten same høgd. Begge ligg oppom toppen av Rossbarrieren kring halvvegs mellom Amundsen- og Scottbreen.
Fjellet vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-64. Namnet vart nytta av geolog-gruppa frå New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1969–70, fordi lyse, kvitaktige band av marmor (marble på engelsk) kryssar rett over toppen.
Kjelder
Kategori:Fjell i Ross Dependency Kategori:Amundsen Coast