Paton Peak er det høgaste punktet, 740 moh, på Beaufort Island i Ross Archipelago. Det vart namngjeve av geolog-gruppa frå New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE) (1958–59) etter James Paton, ein sjømann som reiste minst seks gonger til Rosshavet. Han tente først på «Morning», støtteskipet under Discovery-ekspedisjonen (1901–04), og var den første som gjekk i land på øya, då han gjekk over isen frå skipet, noko han ikkje hadde løyve til.

Kjelder

Kategori:Fjell i Ross Dependency Kategori:Ross Archipelago