Bergen Kristeleg Folkeparti er Kristeleg Folkeparti sitt lokallag i Bergen kommune. Det var nettopp i Bergen at partiet i 1933 vart skipa. Bergen KrF har følgjande seks lokallag: Bergenhus KrF, Bergen Vest KrF, Arna KrF, Åsane KrF, Fana KrF og Bergen KrFU.

I perioden 2003-2007 deltok Bergen KrF i eit byråd gått ut frå Høgre, Venstre og KrF. Etter kommunevalet i 2007 gjekk partiet inn i samarbeid med Høgre og Frp. Samarbeidet med Høgre og Frp heldt fram etter kommunevalet i 2011.

KrF sine bystyrerepresentantar 2011-2015 (4 representantar): Marita Moltu (gruppeleiar) Trygve Birkeland (nestgruppeleiar) Harald Berge Breistein Rebekka Ljosland Byrådsmedlemmer: Filip Rygg (byråd for byutvikling, klima og miljø) Lisbeth Iversen (byråd for sosial, bolig og områdesatsing)

Valresultat ved kommuneval 2011: 5,6 prosent 2007: 6,3 prosent 2003: 6,1 prosent

Bakgrunnsstoff Bergen KrF si heimeside

Kategori:Kristeleg Folkeparti Kategori:Politikk i Bergen