Mount Cunningham er eit fjell på 1218 moh. ved vestenden av Esmarkbreen på Sør-Georgia, mellom Jossac Bight og Queen Maud Bay. Fjellet vart kalla opp til minne etter John Cunningham som døydde i 1980. Cunningham var ein skotsk fjellklatrar som i fleire år utvikla nye måtar å isklatre på. Han arbeidde ikkje berre for British Antarctic Survey, men òg for Glenmore Lodge and IM Marsh College i Liverpool.
Fjellet er det 16. høgaste på Sør-Georgia.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mount Cunningham» frå , den 20. april 2013.
Kategori:Fjell og åsar på Sør-Georgia