Nina Nymark Andersen, gift Jakobsen, () er ein norsk, tidlegare fotballspelar som vart europameister med Noreg i 1993 og verdsmeister i 1995. Ho vart dessutan cupmeister med IL Sandviken i 1995.

Klubbspel Andersen vart inspirert av tvillingsystera Anne til å spele fotball.Norway's Andersen Twins looking for more Records - FIFA.com (engelsk) Fram til 1994 spela ho, som systera, for Sandviken. Ho melde då overgang til Idrettsforeningen Fløya, ettersom ho flytta til Tromsø. Då Fløya rykte ned ved sesongslutt pendla Andersen til spel for moderklubben Sandviken fram til og med 1996, då ho la opp som spelar, 24 år gammal. Ho opplevde såleis cuptriumfen for Sandviken i 1995.

Landslagsspel Andersen var med landslaget i dei fire sesongane frå 1993 til 1996: Gjennom dei få sesongane fekk ho med seg EM-gull, VM-gull og OL-bronse.

Merittar EM-gull 1993 for Noreg VM-gull 1995 for Noreg OL-bronse 1996 for Noreg

Cupgull 1995 med Sandviken

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Nina Nymark Andersen» frå , den 20. april 2013.

Notar

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Idrettsutøvarar frå Bergen