mini|Frå Boston maraton i 2013 Boston maraton er eit maratonløp som blir halde årleg i Boston i Massachusetts i USA. Det blei skipa i 1897, inspirert av maratonløpet ved dei fyrste olympiske leikane i Aten, og er dermed blant dei eldste maratonarrangementa i verda. Løpet blir halde på Patriots' Day, den tredje mandagen i april.History of the Marathon , Boston Athletic Association

Løpet blei offisielt opna for kvinner i 1971, etter at kvinneaktivistar hadde delteke uoffisielt i løpet i nokre år. Den norske løparen Ingrid Kristiansen vann Boston maraton i 1986 og 1989.

Bombeåtak i 2013

15. april 2013, rundt tre timar etter at vinnarane hadde kryssa mållinja, blei det utløyst to bomber på Boylton Street, like ved mållinja. Løparar var framleis i ferd med å fullføre løpet då eksplosjonane fann stad. Tre personar blei drepne og fleire skadd.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Boston Marathon» frå , den 21. april 2013.

Kategori:Maraton Kategori:Idrettstilskipingar i USA Kategori:Idrett i Massachusetts Kategori:Boston Kategori:Skipingar i 1897 Kategori:1897 i USA