Burmesisk skrift er eit skriftspråk som blir brukt til å skriva burmesisk, kayin og monspråk med. Skriftspråket er avleidd av monskrifta, som på si side byggjer på paliskrifta. Bokstavane er avrunda i forma fordi dei opphavleg blei skrivne på skjøre palmeblad.

mini|venstre|Dei 33 konsonantane i burmesisk. Skrifta høyrer til brahmifamilien og blei utvikla frå monskrift under kong Anawrahta, den første herskaren av eit samla burmesisk rike.

Den eldste burmesiske innskrifta finn ein på Myazedi-inskripsjonen frå 1113, som har tekstar på pyu, mon, pali og burmesisk.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skriftsystem Kategori:Burmesisk språk