Beehive Hill er eit isdekt fjell i Antarktis, med ei høgd på 2030 moh og som stikk 610 m oppom det omliggande isdekket. Det ligg på platået i Graham Land 10 nautiske mil aust for botnen av Nenyfjorden og like nord for toppen av Wyattbreen. Det vart først kartlagd i 1940 av U.S. Antarctic Service, som kalla fjellet «Sphinx», og kartlagd på ny i 1946 av Falkland Islands Dependencies Survey som gav det noverande namnet fordi fjellet minna om ein bikube (beehive på engelsk).
Kjelder
Kategori:Fjell i Graham Land Kategori:Fallières Coast