Finn Støren () var ein norsk finansmann og diplomat.

Han tok examen artium i 1914, studerte finans og dreiv meklarfirmaet P. Anker i Kristiania. I Russland trefte han Fridtjof Nansen og Vidkun Quisling som dreiv hjelpearbeid under svoltkatastrofen der.

I 1922 var han blant dei første nordmennene som budde på Galápagos i lengre tid, i eit forsøk på å kolonisera øygruppa saman med Per Bang og Jens Aschehoug. Dei gav ut ei reiseskildring i 1926. Han var i lengre tid utanlands som diplomat i Russland, Colombia og konsul i Panama 1930-33.

Tilbake i Noreg i 1933 busette han seg i Drangedal og vart med i Nasjonal Samling. Støren vart reiar i eige kvalfangstfirma i Kragerø. Han eigde mellom anna kvalkokaren FLK «Roald Amundsen» (1904) frå 1937 til 1939, uten at denne blei swtt i drift.

Han verka som leiar for Direktoratet for spesialorientering i perioden 1940-45. Direktoratet var innordna Innanriksdepartementet, men var meint å bli det nye utanriksdepartementet etter okkupasjonen. I denne funksjonen var Støren i praksis uoffisielle utanriksminister for Quisling, og var blant anna Quisling sin ledsagar på besøk hjå Adolf Hitler. Etter krigen vart han arrestert, men flykta til Argentina i 1947 saman med mellom andre Arne Høygaard.

Det er kjent at han skreiv under pseudonyma F. Grong og F. Balg.

Referansar

Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Norske nazistar Kategori:Norske diplomatar Kategori:Norske konsular Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Norske tvillingar