Allan Hills er ei åsgruppe, hovudsakleg isfri og kring 12 nautiske mil lang og som ligg like nordvest for Coombs Hills nær toppen av Mawsonbreen og Mackaybreen i Oates Land og Victoria Land i Antarktis. Dei vart kartlagde av gruppa frå New Zealand (1957–58) under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition og kalla opp etter professor R.S. Allan frå University of Canterbury på New Zealand.
Det er oppdaga fleire meteorittar i desse åsane, som ligg i enden av Dei transantarktiske fjella. Av dei vert meteoritten Allan Hills 84001 sagt å vere frå Mars. Det er vorte hevda at meteoritten inneheld bevis for liv på Mars i form av mikroorganismar.
Sjå òg Marsmeteoritt Dei transantarktiske fjella Meteorittar i Antarktis
Kjelder
Kategori:Åsar i Victoria Land Kategori:Åsar i Oates Land Kategori:Scott Coast