Eblen Hills er ei gruppe stupbratt åsar, med ei høgd opp mot 1640 moh like nord for munningen av Coloradobreen der denne møter vestsida av Reedybreen. Dei vart kartlagde av US Geological Survey frå landmålingar og frå flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960–64, og namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names etter James C. Eblen, ein flymaskinist ved McMurdo-basen vinteren 1959 og som deltok på fleire ekspedisjonar under U.S. Navy Deep Freeze.

Kjelder

Kategori:Åsar i Marie Byrd Land