EYE Film Instituut Nederland er eit senter for kinomatografi i Amsterdam i Nederland, teikna av dei austerrikske arkitektane Roman Delugan og Elke Delugan-Meissl. Bygget ligg på andre sida av Centraal Station, på nordsida av IJ, i distriktet Overhoeks. Det vart offisielt opna av dronning Beatrix av Nederland 4. april 2012.

EYE har fire filmsalar og ein utstillingshall på 1 200 kvadratmeter. et er òg eit rom for pedagogiske aktivitetar, ein filmlab, ein butikk og ein café-restaurant med terrasse.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «EYE Film Instituut Nederland» frå , den 29. april 2013.

Kategori:Museum i Amsterdam Kategori:Nederlandsk film Kategori:Amsterdam-Noord