«Castor» var eit norsk barkrigga seglskip som vart nytta til selfangst i Antarktis.

Skipet vart konstruert av Colin Archer og bygt i 1886 ved O. M. Olsens skipsbyggeri i Arendal for reiarar i Arendal. Frå 1891 var O. B. Sørensen i Arendal eigar, men i 1892 vart skuta kjøpt frå eit konkursbo i Arendal av A/S Oceana (Chr. Christensen) i Sandefjord for bruk i selfangst.

Ho deltok mellom anna på den andre ekspedisjonen til Carl Anton Larsen i 1893/1894 på leiting etter rettkval med Morten Pedersen. Utanom «Castor» bestod ekspedisjonen av «Jason» med C. A. Larsen som kaptein og ekspedisjonsleiar, kaptein Carl Julius Evensen på «Hertha» og forsyningskipet «Ørnen» ført av kaptein Carl Englund. Til saman deltok kring 100 mann på ekspedisjonen. Dei oppdaga fleire øyar og land, mellom anna Foyn Land, Chr. Christensens Island og King Oscar II Land. C. A. Larsen og Søren Andersen gjorde den første skitur i Antarktis og dei fann fleire fossil. Dei fann derimot ikkje rettkval.

I februar 1896 vart «Castor» seld til reiarar i København og forsvann ved Grønland same år.

Castor Nunatak i Graham Land i Antarktis er kalla opp etter skuta.

Kjelder

Sannes, Tor Bork, Colin Archer skipene, Norsk Maritimt Forlag, Oslo, 1978. ISBN 82-7205-026-9

Kategori:Norske seglskip Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske barkar Kategori:Skip frå 1886 Kategori:Skip bygde i Noreg Kategori:Historie i Arendal Kategori:Polarskuter Kategori:Forlis i 1896 Kategori:Forlis i Grønlandshavet