1. divisjon 1987 starta 2. mai og slutta 10. oktober.
Det vart spelt 22 rundar, og for første gong vart det gjeve tre poeng for siger. Serien vart vunnen av Moss som vann seriefinalen i Molde med 2-0.
De to nedste laga (Mjøndalen og Start) rykte direkte ned, medan laget som enda på 10. plass (Ham-Kam) spelte kvalifisering mot dei to laga som kom på andreplass i kvar si avdeling i 2. divisjon (Djerv 1919 og Lyn). Djerv 1919 gjekk sigrande ut av kvalifiseringa og rykte opp til 1. divisjon 1988.
For første og einaste gong vart uavgjorte kampar avgjort på straffesparkkonkurranse. Laget som gjekk sigrande ut av denne fekk to poeng, medan taparen fekk det vanlege uavgjortpoenget. Den lengste straffesparkkonkurransen vart spelt 2. september (runde 19) då Mjøndalen slo Brann 12-11 etter at det stod 1-1 ved full tid. Bryne spelte færrast straffesparkkonkurranser, berre éin, medan Rosenborg spelte flest, med elleve.
Innføringa av ekstrapoeng fekk ikkje noko å seie i tetstriden, heller ikkje for dei to laga som rykte direkte ned. Det laget som tente mest på den nye regelen var Tromsø, som tok sju ekstrapoeng og ville falle frå 6. til 10. plass utan disse. Ham-Kam ville då ha berga plassen, medan Tromsø måtte ha spelt kvalifisering.
Endeleg tabell
Toppscorarar 18 mål: Jan Kristian Fjærestad, Moss 11 mål: Cato Holtet, Kongsvinger 10 mål: Jan Åge Fjørtoft, Ham-Kam 9 mål: Andre Nieuwlaat, Rosenborg Geir Henæs, Moss Børre Meinseth, Bryne 8 mål: Carsten Bachke, Moss Arne Larsen Økland, Bryne 7 mål: Sten Glenn Håberg, Lillestrøm Arnfinn Engerbakk, Kongsvinger Gøran Sørloth, Rosenborg Kjetil Rekdal, Molde Jan Berg, Molde
Kvalifisering Lyn – Djerv 1919 0–1 Hamarkameratene – Lyn 1–1 Djerv 1919 – Hamarkameratene 3–0
Tabell
Sjå òg Kvalifisering til Eliteserien i fotball
Kjelder Denne artikkelen bygger på «1. divisjon fotball for menn 1987» frå , den 5. mai 2013.
Bakgrunnsstoff rsssf.no Slutttabell Kampoppsett Toppscorarar
Kategori:1. divisjon fotball for herrar (nivå 1) Kategori:Fotball i Noreg i 1987