Hamar Jernstøberi og Mekaniske Verksted eller HamJern er eit tidlegare industriforetak på Hamar som i dag går under namnet Furnes-Hamjern Holding etter å ha vorte delt opp i fleire ulike selskap. Sjølve støyperiet vart grunnlagt den 21. mai 1895 ved Espern mellom jarnbaneområdet og Mjøsa. Det vart raskt kjent for støpejernsprodukt som omnar og komfyrar. Seinare vart det utvikla og produsert handelsstøypegods, jarnbanemateriale og jordbruksreidskap som plogar, horver, høyriver, treskjeverk og hakkemaskiner.
Satsinga på produksjon lokomotiv tok til i 1901, etter at fabrikken hadde levert fleire vellykka malmvognerNorsk Jernbanemuseum.no – Den norske jernbanehistorien i stikkord (Lest 5. juli 2008). Det vart produsert om lag 200 damplokomotiv på HamJern, mellom anna DovregubbenEspern-Smedvig.no – Litt historikk om Espern (Lest 5. juli 2008). Seinare vert det òg produsert elektriske lokomotiv ved fabrikken. På 1950-taler vart det òg produsert skiftetraktorar, vegvalsar. Frå 1950- til 1970-talet vart det produserte traktorgravarar, under merkenamnet Hamjern.
HamJern var lenge ein av sei største arbeidsplassane i Hedmark og hadde i 1943 over 400 arbeidarar og 75 funksjonærar. Utover 1960-talet og fram mot 1980-talet vart fabrikklokala moderniserte og utvida, samstundes som Munck overtok ein del av verksemda og tok til å produsera skipskraner. I 1984 vart platehandsamingsdelen til Furnes-Hamjern overteken av Ameco.
Lokomotiv produsert thumb|Dovregubben var produsert ved HamJern. NSB type 18 NSB type 21 NSB type 22 NSB type 24 NSB type 25 NSB type 27 NSB type 31 NSB type 32 NSB type 49
Historiske årstal 1895 – Hamar Jernstøberi vart grunnlagt 1901 – Satsa på å produsere lokomotiv 1939 – Johan Norlie kjøpte storparten av aksjeane i Hamjern R. Heieren, Norge var først med traktorgravere, Traktor, 24/6-2020. 1959 – Hamjern vart seld til kranprodusenten Sverre Munck i Bergen 1968 – Hamjern Maskin vart grunnlagt 1979 – Moelven Jernstøperi vart kjøpt opp og føretaket skifta namn til Furnes-Hamjern 1984 – Oppdeling av industrilokale og omstrukturering av føretaket 1996 – Munck Cranes vart kjøpt opp av Furnes-Hamjern Holding
Referansar Denne artikkelen bygger på «Hamar Jernstøberi» frå , den 8. mai 2013.
Kategori:Norske industriselskap Kategori:Næringsliv i Innlandet Kategori:Hamar kommune Kategori:Skipingar i 1895 Kategori:Traktorgravarar