mini|Hamar-Grundsetbanen. Sidesporet Ådalsbruk-Klevfoss er ikkje teikna inn på kartet. mini|Elverums første stasjonsbygning, ca. 1870. Heile stasjonen vart flytta og endra i 1910-13 då Solørbanen vart forlenga til Elverum, og ei ny stasjonsbygning stod oppført. Hamar–Grundsetbanen vart vedtatt av Stortinget den 3. september 1857 saman med Kongsvingerbanen og Trondhjem–Størenbanen som Noregs første statsbanar. Vedtaket i 1857 gjaldt rettnok berre strekninga Hamar-Elverum og med endestasjon på Glommas austre breidd i Elverum. Den 7. oktober 1859 vedtok Stortinget at banen istaden skulle halde fram langs vestre breidd av Glomma opp til Grundset, ca. 6 km nord for Elverum. Banen vart bygd smalspora (1067 mm sporvidde) og vart opna 23. juni 1862.Thor Bjerke & Finn Holom: Banedata 2004 – Data om infrastrukturen til jernbanene i Norge. s. 98
Grundsetbanen er den sørlegaste delen av Rørosbanen. Alt i 1871 vart Grundset-Aamotbanen bygd. Stasjonsbygningen på Grundset vart samstundes flytta til den nye endestasjonen på Rena.Thor Bjerke & Finn Holom: Banedata 2004. Data om infrastrukturen til jernbanene i Norge. s. 103
Referansar Denne artikkelen bygger på «Hamar-Grundsetbanen» frå , den 13. mai 2013.
Litteratur
Bakgrunnsstoff Digitalt fortalt: «Ralph King, den engelske "keiser'n på Grundsetbanen"» (skive av Bjørg Eva Aasen, Norsk Jernbanemuseum)
Kategori:Rørosbanen Kategori:Jarnbanestrekningar i Innlandet Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1862 Kategori:1862 i Noreg